Namn: Susanne Kroken

Fødd: 1990, Nordfjordeid

Utdanning: Årsstudium i Ungdomssosiologi og Pedagogikk, bachelor i sjukepleie, helsesøsterstudent per dags dato.

Yrke: Sjukepleiar, snart helsesøster

Familie: Singel, ingen barn

Bustad: Slettebakken, Bergen

Bil: Nei, reiser kollektivt

Husdyr: Nei

− Kvifor har du valt å bu i Bergen?

− I mine auge er Bergen Norges finaste by. Passeleg stor og passeleg liten for ein nordfjording.

− Kva skulle du bli då du var 14?

− I Topp-skuledagboka mi står det artist eller profesjonell dansar. Noko som er svært urealistisk etter som eg verken kan synge eller danse. Helsesøster har nok også alltid vore ein stor draum.

− Kva er draumejobben for deg?

− 100 % fast jobb som helsesøster er draumejobben i mine auge.

− Kva gjer du helst på fritida?

− Fjellturar om sommaren, og skiturar om vinteren. Gjerne i lag med ein stor venegjeng eller familie.

− Kva er favorittserien din på TV?

− Utan tvil Skam. Målgruppa er nok femtenåringar, men serien tek opp viktige og dagsaktuelle tema på ein opplysande og nyskapande måte.

− Kva bloggar brukar du å lese?

− Eg les ingen faste bloggar.

− Kor viktige er sosiale medium for deg?

− Dei er blitt mindre viktige dei siste åra. På ein skala frå 0–10 blir det 5, eller kanskje 6–7.

− Har du ein favorittforfattar?

− Pensumbøker har erstatta skjønnlitteraturen dei siste åra. Men eg likar å lese romantiske drama. Bøker av Jojo Moyes er favorittar.

− Kva er ditt favorittreisemål i sommarferien?

− Kunne gjerne tenkt meg å reise til Maui på Hawaii.

− Korleis finn du «den store roa»?

− Med ein kopp kakao på eit av byfjella. Gjerne med ein knekk sjokolade til.

− Kva diskar du opp med på venefest?

−Tapas og prosecco, og sjølvsagt ei kake til dessert.

− Kva er det sprøaste du har gjort nokon sinne?

− Å bestige Kilimanjaro var ei ganske sprø og vill oppleving.

− Er det noko du angrar på?

− Det må vere at eg ikkje var meir munnleg aktiv på vidaregåande. Eg hadde ein historielærar som på den tida var ganske oppgitt over det.

− Kva synest du om heimplassen din Eid?

− Eid er hjartet mitt. Eg er utruleg stolt over heimbygda mi.

− Lengtar du nokon gong tilbake til Eid?

−Ja, det gjer eg. Eg er svært heimekjær og torer å påstå at eg lengtar heim kvar dag.

− Kva trur du om livet ditt om ti år?

− Eg er nok verken artist eller profesjonell dansar. Kanskje har eg draumejobben som helsesøster heime på Eid.

− Bør Eid slå seg saman med Selje?

− Eg trur at Eid og Selje i framtida kan bli veldig bra. Saman er vi sterkare.

− Er det noko spesielt som har opptatt deg i det siste?

− Eg held på med siste innspurt på hovudoppgåva mi som omhandlar ungdoms seksuelle helse og prevensjonsbruk.

− Kva er det verste du veit?

− Negativitet og folk som pressar seg inn på bussen før ein har kome seg ut. Då må eg ofte telje til ti, kanskje tjue.

− Kva har du på nattbordet?

− Akkurat no er det ein hjartestein funnen i Osvika, eit bilete av tantebarna og sist men ikkje minst; metodebok for seksuell helse av Sex og samfunn.