Monica Løkling Mundal (44 år) er tilsett som ny dagleg leiar for Accountor Eid. Monica er busett på Nordfjordeid og kjem frå stillinga som økonomisjef i Vestavind Kraft på Sandane. Dei siste 9 åra har ho arbeidd med finansielle berekningar og rapporteringar, i tillegg til administrasjon og generell prosjektutvikling av vindkraftprosjekt. Før dette var ho tilsett i Danske Bank i Oslo der ho har brei erfaring innan sal, kredittvurdering og kontorleiing.

Monica er utdanna siviløkonom frå Høgskulen i Agder og har i tillegg masterkurs frå BI innanfor leiing og finansiell strategi.

Spano Rekneskap har vore etablert på Eid sidan 1985, og gjekk inn i Accountor-kjeda for to år sidan. No har den lokale eigaren Jon Gimmestad selt seg heilt ut av selskapet, og frå 1. juli 2017 er Accountor Norge eigar av Accountor Eid. Accountor Eid har også avdelingskontor i Selje, Måløy og på Bryggja. Selskapet har stor lokal kundemasse, og dei tilsette har lang og solid erfaring innan rekneskap, rådgjeving og økonomistyring.

Gler seg veldig

– Eg gler meg til å bidra med å vidareutvikle eit spennande selskap med store muligheiter. Accountor er eit stort europeisk selskap innan økonomi- og rådgjevingstenester med ein enorm kunnskapsbase. Likevel har selskapet fokus på at den lokale kunden skal få gode kundeopplevingar gjennom både personlege og digitale tenester, seier Monica Mundal.

Accountor Eid går ei spennande tid i møte, og med aukande oppdragsmengde har selskapet behov for fleire flinke og engasjerte medarbeidarar på laget. I november flyttar Accountor Eid inn i nye flotte lokaler sentralt på Nordfjordeid.