LOs Sommerpatrulje besøker ungdom som er i arbeid, i løpet av sommaren over hele landet og sjekkar om arbeidsforholda deira er gode i høve lover og avtalar.

Sommerpatruljen består av frivillige medlemmer frå LO forbunda, som reiser rundt og besøker ungdom for å fortelje dei kva dei har rett på etter lova, om slikt som arbeidstid, overtidsreglar, pausar, reglar for ferie med meir.

Ei av ti bedrifter braut reglane

I byrjinga av LOs Sommerpatrulje si historie, så braut annankvar bedrift som vart besøkt, reglane i Arbeidsmiljølova. I dei seinare åra har det hovudsakleg vore mangel på arbeidskontraktar som har vore utfordringa, no har dette vorte mykje betre.

– En ting vi har erfart, er at når en ikke har skriftlige avtaler om hvordan arbeidsforholdet skal være med sin arbeidsgiver, da er det nesten for sent og flokene blir bare større og vanskelig å løse. Dette er den grunnleggende feilen som vokser til større problemer, og er ikke de ansatte organisert i ei fagforening, før de havna i trøbbel, så kan det være vanskelig å få hjelp» seier ein noko oppgitt ungdomssekretær i LO.

Sjølvsagt er ikkje alle arbeidsgivarar ute etter å utnytte sine unge arbeidstakarar, og dei aller fleste har alt i skjønnaste orden, andre ordnar gjerne opp i det vi peikar på der og då.

LOs Sommerpatrulje blir arrangert i vekene 26 – 28 over heile landet, og vi håpar på å møte mange ungdommar rundt om på bedriftene som har arbeidskontraktar og gode arbeidsforhold.