Generalprøva på spelet var på torsdags kveld. Fjordabladet var tilstades og kan her gje ein liten biletserie som ein liten smakebit. Elskhug og Eksis 2017 skil seg ikkje innhaldsmessig mykje frå framsyningane som var for to år sidan. Den store skilnaden er nye sterke karakterar i mange av rollene. Berre det er grunn god nok til å sjå spelet på nytt. For dei som ikkje har fått det med seg tidlegare, er det berre å springe til billettluka.