Det seier Ap-politikar Siri Sandvik, som har fått reaksjonar frå fleire på utsegner frå John Olav Lefdal om at handelsstanden i Eid taper mykje pengar på at  prosessen har blitt forseinka fordi naboar har klaga, og at det har blitt stilt krav om nye grunnundersøkingar.

–  Kanskje den tidsplanen som ein i utgangspunktet hadde, var urealistisk?, undrar Sandvik. Ho har fått ganske mange henvendelser frå folk som stiller spørsmål om kva som skjer.

Stilte spørsmål

Sidan Eid kommune er inne på eigarsida, meiner Siri Sandvik at politikarane må vere oppdaterte på kva som er fakta.  Ap-politikaren stilte i formannskapet torsdag spørsmål om status for arbeidet med seawalk i Eid, kva det skuldast at ein ikkje har kome i gang og om det i det heile tatt er realistisk med anløp denne sommaren.

Håper på båt i juli

Ole Starheim, som representerer kommunen i styret i Seawalk Nordfjord AS, fortalde at ein skal inn med plastring på fundamenteringa av festeanordninga. Det skal plastrast med stein rundt, og dette er ein ganske stor jobb med mykje stein som må på plass. Og ein kan ikkje tippe, det må plasserast rundt støypinga som er gjort ved kaia  Det vert også jobba med sertifisering av bøyer.

Det vart også sagt at ein håper på å få inn ein mindre båt i løpet av juli.

Plastring og sertifisering

I kommunestyremøte fekk politikarane ei orientering av byggesaksrådgjevar i Eid, Roar Sætre. Han fortalde at seawalken er i ein sluttfase. Det som gjenstår er plastring før ein kan få ferdigattest som gjeld byggesaka. Plastringa skal gjerast med stein som har ein storleik på mellom 2 cm og 30 cm.

I tillegg gjenstår det også ein del sertifisering av ankerarrangement.

Sætre fortalde at plastringa er ein del av prosjekteringa av nytt landfeste. Fordi ein ikkje kunne dokumentere byggemateriale og byggemåte av kaia, valde ein at lage eit nytt feste på utsida av kaia.

I midten av juli

Fjordabladet har også spurt prosjektleiar Jostein Mykland i Nordfjord Serviceterminal om status for seawalken.

Han fortel at det er litt måle- og sveisearbeid som gjenstår på sjølve seawalken. Dette er det verftet i Luster som hadde seawalken inne på service som kjem hit for å gjere.

I tillegg skal det plastrast med grov pukkstein rundt fundamentet. Steinen kjem med båt og skal leggast ut ved hjelp av GPS og grabb frå gravemaskin, litt frå båten og litt frå land. Båten kjem hit 10. juli, og steinen skal bli lagt ut i løpet av to-tre dagar. Dette inneber at ein, dersom alt no går etter planen, vil ha seawalken klar i midten av juli.

Selskapet har fått i orden godkjenning når det gjeld sikkerheit frå Kystverket. Det som gjenstår er at ein ventar på å få sikkerheitssertifikat når det gjeld bøyene.

Når det gjeld den planlagde utfyllinga på sørsida av Godsterminalen, der det mellom anna er planlagt oppstillingsplass for bussar, ventar ein på svar frå Fylkesmannen.