– Dette er rett og slett pinleg. Når det er eit fleirtal i Eid som vil ha Eid som namn på den nye kommunen, og spesielt når ein ser at dette er signala frå ungdommen. Vi bør stemme i tråd med det veljarane våre ønskjer. Såpass skuldar vi eidarane, seier Sp-politikar Stein Inge Torheim.

Han karakteriserer det som forkasteleg at ikkje fleire enn fem av kommunestyrerepresentantane i Eid stemde for Eid som namn på den nye kommunen, dette trass i at telefonundersøkinga viste at ein klart fleirtal i Eid ønskte dette namnet og det var også rådet frå Eid ungdomsråd.

– Lite demokratisk

Torheim meiner at prosessen med samanslåing av Eid-Selje har føregått på lite demokratisk vis.  Han samanliknar med Eid-Gloppen der folket i Eid vart spurde til råds, då var det både folkerøysting og innbyggarundersøking om ein ønskte samanslåing. Når det gjeld Eid+Selje, så har ein ikkje gjort nokon av delane. Ein kan ikkje berre fordi folk sa ja til kommunesamanslåing Eid+Gloppen rekne med at dei også ville sagt ja til Eid + Selje.

Argumentet som vart brukt for å ikkje spørje innbyggarane om råd om Eid+Selje, var at ein ikkje hadde tid, men det argumentet kjøper ikkje Torheim. Han viser til at Kinn kommune (Vågsøy + Flora) kom opp mykje seinare.

­– Den demokratiske prosessen har vore veldig dårleg. Men no er vi ferdig med heile greia og går inn i Stad kommune. Avgjerda er teken og vi skal sjå framover, seier Stein Inge Torheim, som etter gårsdagens kommunestyremøte var tydeleg skuffa.

Frisk debatt på nettet

Etter avgjerda i går der Stad kommune vart valt som namn på Eid+Selje har debatten gått friskt på nettet.

Her er nokre av dei som har delt sine synspunkt om Stad kommune:

Magny Hoddevik: Godt val det

Hans Ivar Holmøy: Så Holmøyane blir Indre Stadt det då?? :-P.. Jaja...

Olav M. Hjelle: Kommunestyra har fatta vedtak. Då er diskusjonen over.

Eivind Kjørstad: Greit val. Skrivemåten er litt trøblete, men det er ein detalj.

Anne Grete Hoddevik: Går no ikkje an å kalle det Stad, betyr no berre ein stad eller by. Stadt med t har det no alltid heitt, eller i gammal tid Statt med dobbel t.

Tone Harsvik: Tragisk 藍

Hans Inge Lien: Faen: for en jeng me tullinga. kjem aldri til og verte nåke stad kommune her. nei eid e og bli navnet...... snakka meg om å øydeleggje

Øystein Huneide: Ikkje enig! Merkelig valg

Jonny Frislid: Eg ❤️ Eid

Rune Ripe: Godt valg! (Y)

Hans Inge Lien: Veit ikkje annja og sei enn att eg trur der må ha vore servert nåke stærkt til kaffien der. berre de og kåme på de :(

Adrian Hjelmeland Løvlid: Oooooouuuuuufffffa

Mari Salum Karadaş: Komod! 

Lill Berg Nordheim: Dette blir bra, men irriterende med t-en de ikke sneik inn. 

Ronny Stoddern: Er det virkelig mulig? Att det går an. Tullinga heile gjengen

Svein Manseth: So no må kommunevåpenet bli hestehaude på kjærringa螺uff åuff

Jarle Naustdal: Fornuftig med stad kommune. Nesten ingen i Norge veit ka Eid ligger hen uansett 樂

Inger-Lise Nord: Dette riv meg i hjartet. Som utflytta Eidar kallar eg meg Nordfjording. Nordfjord eller Eid. Tulling eller ei