Totalt 547 125 lønnstakarar og pensjonistar i Skatt vest får skatteoppgjer sitt i dag 22. juni. Til saman får desse 6,1 milliardar igjen på skatten, mens 108 046 får ein restskatt på 1,7 milliardar.

På landsbasis får 8 av 10 lønnstakarar og pensjonistar (3,9 millionar) skatteoppgjeret sitt i dag. − Vi varslar deg på e-post eller SMS når skatteoppgjeret ditt er klart. Då kan du logge deg inn i Altinn for å sjå oppgjeret, seier avdelingsdirektør i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal.

Tala for Skatt vest viser at:

  • 56 300 skattytarar i Sogn og Fjordane får 591 millionar igjen på skatten, mens 9 700 må betale 129 millionar i restskatt. Gjennomsnittleg skatt til gode er 10 500, og restskatt er 13 200.

  • Rundt 262 000 skattytarar i Hordaland får 2,8 milliardar igjen på skatten, mens 51 700 må betale 875 millionar i restskatt. Gjennomsnittleg skatt til gode er 10 800 kroner, og restskatt er 17 000.

  • 228 800 skattytarar i Rogaland får 2,7 milliardar igjen på skatten, mens 46 600 må betale 770 millionar i restskatt. Gjennomsnittleg til gode er 11 800, og restskatt er 16 500.

Hovudtala (per kommune) for oppgjeret 22. juni finn du her.

Dei som har pengar til gode får vanlegvis desse på konto innan tre veker etter datoen som står øverst i høgre hjørne på skatteoppgjeret. Neste dato for oppgjer er 2. august. Etter det er det løpande oppgjer fram til 25. oktober.

Enkelte må vente − Ikkje alle får skatteoppgjeret sitt i juni. Det kan vere fordi du er næringsdrivande, er gift med ein som er næringsdrivande, eller at du er lønnstakar/pensjonist og leverte skattemeldinga på papir. Du får då skatteoppgjeret tidlegast 2. august, fortel Gjengedal.

Fått restskatt? Viss du har fått restskatt er første frist for å betale det du skylder 20. august. Du får elektronisk faktura eller innbetalingsblankett med forfallsfrist i posten. Beløp over 1000 kroner blir delt i to like betalingar. Forfallsfrist er tre og åtte veker etter at skatteoppgjeret ditt blir sendt ut.

Sjekk skattekortet ditt for å unngå restskatt til neste år.

− For å unngå restskatt må du hugse å sjekke at skattekortet ditt er rett. Dette kan du sjølv endre på skatteetaten.no dersom inntekt, formue eller andre forhold endrar seg undervegs i året, seier Gjengedal.

Les meir om skatteoppgjeret her: skatteetaten.no/skatteoppgjor