Dei møttest allereie klokka 09.00 om morgonen i kommunestyresalen i Eid rådhus for å drøfte felles saker som gjeld kommunesamanslåinga.

Kommunestyra skal deretter gå kvar for seg for å gjere sine vedtak. Sakene som skal behandlast er mellom anna mandat og organisering for fellesnemnda, oppretting av partssamansett utval, tal medlemmer i det nye kommunestyret, namn på ny kommune og orienteringssak om kvinnerepresentasjon.

Formannskapet i Selje har samla gått inn for Stad som nytt kommunenamn, medan formannskapet i Eid sprikte i alle retningar. Både Selja, Stad og Eid har sine tilhengarar.

Det vert for første gong i Eid sendt direkte frå møtet.

Direktesendinga kan du sjå her: Direktesending