Det seier Irvin Yri som legg til at bakgrunn for dei negative spådomane var lite snø i fjellet.

Mannen vi har snakka med har mange år bak seg med flugestong i Eidselva.

– For min del har det ikkje blitt så mange døgn i elva så langt, men eg registrerer at starten har vore veldig god. Dette skuldast sjølvsagt at det har vore ei nærmast ideell vassføring i store delar av elva, sjølv om det har vore lite snø i fjella. Mykje nedbør så langt i juni har vore ei viktig medverkande årsak til at elva har vore så fin som den er, seier Irvin som legg til at det nok har vore større oppgang av laks i starten av sesongen enn det ein har sett tidlegare år.

Bra med storlaks

Under opninga av fjorårets sesong i elva, tok Irvin sin rekordlaks.

–Fjoråret starta bra, men det dabba av etter kvart. Vi kan slå fast at det var august månad som redda fjorårssesongen. I år derimot har elva vore veldig fin dei tre første vekene. Det er tatt mykje laks frå fem kilo og oppover, sjølv om den største som er tatt til no i år er tre kilo under 16-kiloslaksen min under opningsdøgnet i fjor. Men observasjonar i elva seier at det er nokre store ruggar som har funne vegen til vår Eidselva i år også.

Spesiell elv

–Det som er det fine med Eidselva, er at det alltid går opp storlaks. Det er ikkje alle elvar som er slik. I år er det sett laks opp mot 20 kilo i elva. Dei er der, så det er berre å greie å fange dei.

Irvin er også oppteken av at det ser ut til å vere meir sjøaure i Eidselva i år enn det var i fjorårssesongen.

– Sjølv har eg fått fire sjøaurar i år, men eg har slept ut alle, seier Irvin som oppmodar andre til å sleppe ut att sjøauren.

–Det som er viktig i den samanheng er at ein behandlar auren med varsemd slik at den ikkje blir skada og døyr. Eg har opplevd at fiskarar har tatt fisken på land, lagt den i grusen for å ta bilde. Gjer ein det slik har det ingen hensikt å sette ut fisken att. Den kjem til å stryke med, seier han.

Fin fisk og lite lus

Det blir meldt at det har vore mykje fin og feit fisk og lite lus på dei laksefangstane som er gjort så langt denne sesongen.

–Elva gjekk litt opp onsdag på grunn av mykje nedbør, no er det meldt om litt betre ver. Det betyr at elva skiftar farge, så eg reknar med at det blir bra fangstar dei komande dagane, seier Irvin Yri.