I dag, torsdag 22. juni, vart det offentleg kva kommunar og prosjekt  som får klimasatsmidlar frå Miljødirektoratet. Til saman 124 kommunar har fått tildelt 150 millionar kroner. Ordninga vart forhandla inn i statsbudsjettet av Venstre i 2016, og forsterka i 2017.

Eid kommune er fått full pott på sin søknad om 240.000 kroner for å byggje ut ladepunkt for tenestebilar.

Redusere utslepp

Klimasats-ordninga skal hjelpe kommunar og fylkeskommunar å redusere klimagassutsleppa sine. I år har 170 ulike prosjekt fått støtte. Potten skal brukast på alt frå el-syklar til arealplanlegging og biogassprosjekt. Klimasatsmidlane kan dekke opptil 50 prosent av prosjektkostnadane, resten må kommunen dekke sjølv.

– Vi treng alle gode krefter i arbeidet med å få til eit grønare samfunn, og kommunane er svært viktige når det kjem til lokale utsleppskutt. Klimasatsmidlane gjev dei høve til å setje i gong heilt konkrete klimaprosjekt som elles ikkje ville fått støtte, seier Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Venstre.

I Sogn og Fjordane har følgjande kommunar fått støtte:

Aurland kommune: Biogass forprosjekt - Aurland Biogass, 250.000 kroner.

Eid kommune: Ladepunkt i Eid kommune til lading av tenestebilar 240.000 korner.

Gloppen kommune: Grøn skule – halding og undervisning 150. 000 kroner.

Jølster kommune: Interkommunal plan for klimaomstilling i Sunnfjord 125.000 kroner.

Luster kommune: Kortreist overskotsmasse blir veg for utsleppsfrie bilar 150.000 kroner.

Sogn og Fjordane fylkeskommune: Fylkeskommunalt Hydrogennettverk 100.000 kroner.

Stryn kommune: «Stryn aktiv og attraktiv 2030» - klimavenleg areal 320.000 kroner.