I tillegg til Hogaåsen, eit nytt stort tomtefelt, er det store utbyggingar i andre område på Nordfjordeid.

Det blir planlagt nybygg og bygd i området ved Amfi/Sagaparken, Skårhaug, Golvsengane, Huldresvadet og Lunden, for å nemne nokre av områda.

Tre store byggefirma, Opal Entreprenør AS, Dvergsdal & Sunde AS og Din Bustad AS, har under bygging, og snart klare til overtaking, 33 bueiningar på Nordfjordeid.

I tillegg har dei same entreprenørane under planlegging rundt rekna 120 bueiningar. Nokre av desse vil bli starta opp raskt, andre blir det bli starta bygging på over sommarferien og/eller tidleg haust, føresett at trykket i bustadmarknaden i Eid held seg oppe.