Kommunestyret i Selje, som hadde møte på Nordfjord Hotell, gjekk samrøyste inn for at det nye kommunenamnet på samanslåtte Eid og Selje, skal vere Stad kommune.

Kommunestyret i Eid har i dag vedteke å tilrå at Stad blir namn på den nye kommunen Eid- Selje. Det var ein lang debatt med diverse prøverøystingar, som enda med eit solid fleirtal, der 25 av dei 29 representantane stemde for dette.

Endeleg avgjerd vert teke av i Kongen i statsråd.

Ein ber nemnda som arbeider med nytt kommunevåpen om å ta med seg heraldiske element frå begge kommunevåpna i utarbeiding av framlegg til nytt kommunevåpen.

Prøverøystinga viste fem røyster for Eid, seks for Selja og 18 for Stad (t).

Ein god del av namnedebatten har handla om kommunenamnet skal skrivast Stadt eller Stad. Tore Hjelle (H) bad om prøverøysting om skrivemåten, og resultatet vart at fleirtalet ønskte Stad (13 røysta for Stadt. )