Han ber Eid kommune ta initiativ til å få ei tryggare avvikling av skulebusstrafikken, og tar opp saka i kommunestyret torsdag.

– Problemet er i dag at bussane må rygge heile vegen langs parkeringsplassen og mot austsida av skulen. Rygging i eit slikt område med mange skuleelevar og foreldre som skal hente er direkte livsfarleg, påpeikar han. Oppretting av ein bussparkeringsplass, og at ein legg til rette for at bussane kan køyre rundt «rundkøyringa» for å kome ut på vegen igjen, kan vere ei løysing. Det er høve til å søke om midlar til trygg skuleveg.

– Slike tiltak vil gjere skuleområdet vesentleg mykje tryggare for både elevar og bussjåførar, påpeikar han.