Han stiller spørsmål til ordføraren i kommunestyret torsdag.

– Det er positivt at arbeidet no har starta etter grunneigar sitt ønskje. Men eg ser med stor uro på at inspeksjonskummane som har vore på område, for å følgje med på avrenninga, no vert fjerna og ikkje erstatta med nye, seier Nes Hjelle. Han minner om at det ligg mykje avfall i grunnen, og at det burde vere eit krav om kontroll på avrenning i mange år framover.

– Er det Eid kommune eller Nomil som har teke denne avgjerda?, spør han.