Frå 1.januar 2018 vert det nye hybridferjer og 20-minuttsavgangar på dagtid på Anda-Lote. På frukostmøte på Gloppen Hotell måndag viste Christine Hammersvik fram teikningar av dei to ferjene, MF Eidsfjord og MF Gloppefjord. Begge ferjene vert bygt ved det same verftet i Istanbul og er no sjøsette. Begge er hybridferjer og kan såleis gå både på straum og biodrivstoff.

Ferjene skal leverast frå verftet i november 2017, og er venta å kome sjøvegen til Norge i desember.

MF Eidsfjord og MF Gloppefjord er på ein prikk like med unntak av farge på innreiing. Ferjene har sidesalongar med store vindauge,

Nye krav frå Statens vegvesen gir sambandet eit kjempeløft både når det gjeld kapasitet og frekvens. Her er ny teknologi teke i bruk og miljøaspektet står sentralt. Dette er Fjord1 sin første kontrakt i «det grøne skiftet», den første kontrakten med krav om 0-utslepp.

Går på batteri

– Det er kjempespennande å få lov til å vere først ute. Dette er eit prestisjeprosjekt for Fjord1 og vi vil bruke mykje ressursar på å lukkast frå første dag, sa Hammersvik, og ho er ikkje i tvil om at det vil gå bra.

Begge ferjene er bygde som hybridferjer, men vil ifølgje Hammersvik i praksis gå på batteri, berre på biodiesel dersom det er naudsynt.

– Har meir kraft

Hammersvik fekk på frukostmøtet spørsmål om dei nye ferje taklar kraftigare vindkast enn dagens ferje der vêrstogg har vore eit problem.

– Det er ikkje kritisk å gå over fjorden. Faren er spesielt på Anda-sida om du får eit kast når ferja ligg til kai- På Anda er det er ei kjempeutfordring med omsyn til straum og vind.

–Dei nye ferjene har meir kraft til å halde seg inntil kai. Ferjene kan om det er behov for det hente kraft både frå batteri og biodieselgenerator. Dette kan til dømes verte naudsynt om vêret er dårleg. Vi vil bli betre rusta, forklarte Hammersvik. Men ho kan sjølvsagt ikkje love at det ikkje av og til kan bli stogg på grunn av dårleg vêr dersom det er naudsynt på grunn av sikkerheitsomsyn.

Redusert CO2-utslepp

MF Årdal går i dag på Anda – Lote. Den har 105 PBE

Målt i «kjøpt-energi» med dei nye ferjene reknar ein med å få ein reduksjon i energibruk på meir enn 70% per tur. Reduksjon i CO2-utslepp vil vere over 90%, sjølv med to ferjer i staden for ei som i dag.

Det er fokus på alle «tap» i alle ledd og komponentar og har mellom anna ventilasjon med varmegjenvinning.

På kaiene vil det vere fortøyningsautomat. Det er vakuumfortøying og automatisk lading av batterisystemet.

Autopass

I samband med nye ferjar frå 1. januar 2018 vil det bli nytt billetteringssystem med Autopassbillettering.

Det vil primært bli billettering ved bruk av autopassbrikke, men ein kan også betale «som i dag» etter autopassregulativet

Alle bilar skal vere billettert før ombordkøyring. Ein betalar berre for køyrety, og pris vert sett etter automatisk lengdemåling.

20-minutts avgangar

Kontraktskravet frå 2018 på sambandet Lote-Anda er to nye ferjer med kapasitet på 110 PBE. Det er krav om ei ferje med null-utslipp + ei hybridferje. Fjord1 har altså valt å sette inn to hybridferjer.

Det vert 20-minutts avgangar på dagtid på kvardagar frå 06.40 til 20.00 og søndagar frå 10.00 til 21.00.

Maksimal overfartstid er i kravet sett til 11 minutt.

Krav til reserveferje er 90 PBE.

PRESTISJEPROSJEKT: – Dette er eit prestisjeprosjekt for oss, og vi vil bruke mykje ressursar på å lukkast frå første dag, seier operativ leiar i Fjord1, Christine Hammersvik. Foto: Anna Wuttudal