Bakgrunnen for interpellasjonen er reportasjen i NRK i april i år som tok opp fleire tilfelle av mobbing ved Nordfjordeid skule. Der vart det avdekt brot på kommunen si lovfesta vedtaksplikt saman med at viktige forvaltningsrettslege prinsipp ikkje såg ut til å verte følgde.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomførte i 2010 eit tilsyn ved Nordfjordeid skule der dei mellom anna såg på elevane sitt psykososiale miljø. I rapporten påpeika fylkesmannen at skulen også då var tilbakehaldne med å opprette mobbesaker. Dei foreldra NRK har snakka med i reportasjen viser alle til hendingar etter 2010.

Reksnes peikar i interpellasjonen på at det i samband med framlegginga av tilstandsrapporten for grunnskulen i Eid vart det sagt frå kommunalsjef at det er nulltolleranse for mobbing i skulen i Eid.

– Det er eit mål som alle deler, men som openbert ikkje er ein realitet no, eller har vore det dei siste åra sidan fylkesmannen hadde tilsyn sist.

–Når det no vert avdekka at Eid kommune på ein av skulane sine ikkje har gjort det ein skal etter lova, trass tidlegare tilsyn som påpeikar det same som ein har sett no, er det viktig at Eid kommune får avdekka kva som har skjedd i desse sakene. Vidare er det viktig at ein får vurdert korleis saker der barn vert mobba vert handsama når ein ser grunnskulen i Eid under eit. Dette er viktig for at alle som er elevar i grunnskulen i Eid og deira føresette kan ha tillit til at vi tek mobbing av barn og unge på største alvor i kommunen vår og at vi vil ha gode rutinar på dette framover. Derfor meiner vi at det er rett at det vert teke initiativ politisk til at kontrollutvalet gjennomfører ein revisjon av korleis opplæringslova og forvaltningslova vert følgd i grunnskulen i Eid kommune, skriv Reksnes i interpellasjonen til ordføraren, og kjem med følgjande framlegg til vedtak:

1. Kommunestyret ber kontrollutvalet snarast gjennomføre ein revisjon av korleis opplæringslova og forvaltningslova vert følgd i grunnskulen i Eid med særleg vekt på oppfølging og rapportering av saker knytt til mobbing. Det skal leggast til rette for brei involvering i prosessen.

2. Kommunestyret ber kontrollutvalet om å sjå på om kommunen utfører oppgåvene sine i skuleforvaltninga i samsvar med mål, regelverk og kommunale vedtak.

3. Kommunestyret ber kontrollutvalet komme tilbake til kommunestyret med sak om finansiering av arbeidet dersom dette ikkje kan løysast innanfor utvalet sine økonomiske rammer.

Står på saklista

Interpellasjonen frå Senterpartiet står oppført på saklista til kommunestyremøtet i morgon, og vedlagt er også følgjande innspel frå administrasjonen ført i pennen Harald Sivertsen, kommunalsjef oppvekst og kultur i Eid kommune:

« Innspel frå administrasjonen til interpellasjon frå Eid Senterparti datert 22.05.2017

Eid Senterparti meiner det er viktig å få avdekka kva som har skjedd i mobbesakene ved Nordfjordeid skule. I tillegg meiner dei det er viktig å få vurdert korleis saker der barn vert mobba vert handsama når ein ser grunnskulen i Eid under eitt.

Eid senterparti ønskjer difor at kontrollutvalet gjennomfører ein revisjon av korleis opplæringslova og forvaltningslova blir følgde i Eid kommune.

Gjeldande lovverk t.o.m. 31.07.17 – opplæringslova

§ 9a-3 Det psykososiale miljøet

Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør.

Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn.

Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak.

§ 9a-4 .Systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane

Skolen skal aktivt drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av dette kapitlet blir oppfylte. Skoleleiinga har ansvaret for den daglege gjennomføringa av dette. Arbeidet skal gjelde det fysiske så vel som det psykososiale miljøet

Gjeldande lovverk frå 01.08.17 – opplæringslova

Hovudendringa i lova er at ein går bort frå å fatte enkeltvedtak til å ha ei aktivitetsplikt i samband med mobbesaker. Ved mistanke om mobbing, skal skulane setje i gang tiltak som hindrar at mobbinga får halde fram. Tiltaka skal vere kjende og skal kunne evaluerast.

§9 A-4 Aktivitetsplikt for å sikre at elevar har eit trygt og godt psykososialt skolemiljø

1. Alle som arbeider på skulen, skal følgje med på om elevane har eit trygt og godt skulemiljø, og gripe inn mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering dersom det er mogleg.

2. Alle som arbeider på skulen, skal varsle rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Rektor skal varsle skuleeigaren i alvorlege tilfelle.

3. Ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, skal skulen snarast undersøkje saka.

4. Når ein elev seier at skulemiljøet ikkje er trygt og godt, skal skulen så langt det finst eigna tiltak sørgje for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø. Det same gjeld når ei undersøking viser at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.

5. Skulen skal sørgje for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane skal vere eit grunnleggande omsyn i skulen sitt arbeid.

6. Skulen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå:

a) Kva problem tiltaka skal løyse

b) Kva tiltak skulen har planlagt

c) Når tiltaka skal gjennomførast

d) Kven som er ansvarleg for gjennomføringa av tiltaka

e) Når tiltaka skal evaluerast.

7. Skulen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta etter første til femte ledd.

Aktivitetsplikta har fem tydlege krav:

1. Følgje med

2. Gripe inn

3. Varsle skuleleiing

Undersøke all mistanke og kjennskap

5. Setje inn tiltak – heilt til eleven har det trygt og godt

§9 A-9 Informasjonsplikt og rett til å uttale seg

Skulene skal òg informere om aktivitetsplikta etter §§9 A-4 og 9 A-5 og om høvet til å melde saka til fylkesmannen etter §9 A-6.

Eid kommune sitt system for å sikre eit godt psyksosialt miljø:

 Alle skulane skal ha tiltaksplan mot mobbing. Planen skal vere kjend for elevar, tilsette og føresette. Planen skal og drøftast i skulemiljøutvalet og i samarbeidsutvalet

* Ordensreglement. Kvar skule har eit ordensreglement som omhandlar korleis ein skal vere mot kvarandre, og kva for konsekvensar eventuelle brot vil føre til.

* Rettar og plikter

* Reglar om åtferd

* Reglar om tiltak

* Reglar om framgangsmåte ved brot

 Kvar elev skal ha to utviklingssamtalar i året. Skulane skal på førehand sende ut skjema som omtalar eleven sin skulegang både fagleg og sosialt. I forkant av utviklingssamtalane har kontaktlærar samtalar med kvar elev.

 Årsrapport. Alle grunnskulane utarbeidar årleg ein årsrapport som omtalar både fagleg og sosial utvikling ved skulen. Frå og med skuleåret 2017/18, vil årsrapporten og innehalde tal saker som har utløyst aktivitetsplikt etter opplæringslova.

 Årleg tilstandsrapport for grunnskulen som omtalar og vurderer det samla tal saker som har utløyst aktivitetsplikta.

 Årlege elevundersøkingar frå Utdanningsdirektoratet. Undersøkingane skal alltid drøftast i samarbeidsutvala og i skulemiljøutvala.

 Nettbruk - samarbeid mellom grunnskule, politi og eksterne aktørar

 Ungdataundersøking som blir gjennomført på ungdomstrinnet kvart tredje år. Undersøkinga for Eid blir frå og med skuleåret 2017/18 teken med i tilstandsrapporten for grunnskulen.

Kurs for skuleleiarane

For å få god kjennskap til innhald og endringar i kapittel 9A i opplæringslova, vil fylkesmannen halde kurs for alle skuleleiarane og dei tilsette i Eid kommune før skulestart. Slik vil vi sikre at lovendringa blir formidla til alle grunnskulane i Eid kommune. Etter

gjnnomgangen med fylkesmannen vil det bli laga til eit informasjonsskriv om regleverket til alle heimane.

Mobbesaker er kompliserte, og ein må ofte arbeide tverrfagleg for å få til gode løysningar for alle partar. I ei kvar sak må ein sjå på «24-timarsbarnet», dvs. heim, skule og fritid. Dette krev brei involvering, og ein må som oftast setje inn tiltak på fleire område.

Dei fleste sakene som har vore i Eid kommune har utløyst gode tiltak, men det har ikkje alltid blitt fatta enkeltvedtak i alle sakene det er sett inn tiltak på. Det burde ha vore gjort, men skulane og administrasjonen jobbar no aktivt med å rette opp dette. Ein eventuell revisjon av eldre saker vil krevje mykje tid og energi.

Administrasjonen meiner at det meste av tida og energien framover bør nyttast til å førebygge, skulere og implementere nytt lovverk. Slik vil vi kunne arbeide for å kvalitetssikre og vidareutvikle skulen til det beste for barn og unge i Eid kommune.»