– Vi kler på oss og er i aktivitet ute. Det har vore nokre regnfulle dagar, men vi gjennomfører vi etter planen. Blir vi våte går vi inn og skiftar. Denne veka er det 78 stykke her på Klenkarberget og 29 oppe ved Harpefossen. Det går veldig fint, ungane kosar seg, seier leiar Henning Haugen.

Utover aktivitetar på Klenkarberget, med fotball, friidrett og lavvo, er det også høve til både skogstur, fjellturar, fisking, bading, kortspel, tur på leikeplassen og mykje meir.

– Vi er mykje ute, og det er masse å gjere på. Vi får mange nye vener her, seier Erling (10).

Eldste gruppa: Frå venstre: Henrik (10), Hedda Margrethe (10), Andreas (12), Gøran (10), Nikolai (10) og Erling (10). I dag er det friidrett, med høgde og lengdehopp, hinderløype og springing. Foto: Anita Ingebrigtsen
INGEN HINDER: Hedda Margrethe (10) er einaste jente i sitt kull. Ho synest det er ok. Foto: Anita Ingebrigtsen
I SAME BÅT: Klenkarberget disponerer ein trøbåt, der ungane sjølv driv båten framover ved å trø på pedalane. Kjempemoro skal vi lese ut frå ansiktsuttrykka. Foto: Anita Ingebrigtsen
FIN SVING: Nathalie (8) synest det er kjempekjekt å leike på Haugen skule. Her er det mange sleng-disser som ein kan utfolde seg på. Her er ho i eit luftig svev. Foto: Anita Ingebrigtsen
UTFOLDE SEG: – Her kan vi leike og ha det gøy, seier Tale (8), Jenny (9) og Emilie (8). Foto: Anita Ingebrigtsen