Fleire av politikarane i Eid meiner at ein i større grad bør satse på dei som allereie er forankra i Eid. Gunvald Ludvigsen (V) tok i møte torsdag til orde for å kontakte høgskulane med tanke på å få på plass desentralisert sjukepleieutdanning, retta mot dei som allereie er etablert i Eid, men som ikkje kan reise vekk for å ta slik utdanning.

– Nordfjordrådet bør ta saka, oppfordra han.

Sigurd Reksnes (Sp) sa at ein også bør legge til rette for eigne tilsette som vil ta sjukepleieutdanning.

Rådmannen tok til orde for å utfordre den nye Høgskulen på Vestlandet.