Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) orienterte i formannskapet om styrevedtak i Helse Førde som handla om strukturendringar. Dette har skapt ein god del uro.

Formannskapet slutta seg til forslag frå ordføraren om at Eid kommune vender seg til Helse Førde og Helse Vest for å få oppklara kva som ligg i styrevedtaket, og åtvare mot at ein no går i gang med nye utgreiingar om endringar i sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane.