Fylkesmannen har kalla kommunestyra i Eid og Selje inn til felles møte torsdag 22. juni klokka 16.00. Møtet vil bli leia av fylkesmann Anne Karin Hamre (biletet). Dette vil vere ei formell og høgtidsam markering av etableringa av den nye kommunen. Der vil mellom anna vil vere kulturinnslag med underhaldning av Line Dybedal, Eid Mannskor og Indigo Child. Dersom vêret blir fint, vil møtet bli på uteamfiet i Malakoff, alternativt på Nordfjord Hotell.

Felles kommunestyremøte

Dei to kommunestyra i Selje og Eid møtast allereie klokka 09.00 om morgonen torsdag 22. juni i kommunestyresalen i Eid rådhus for å drøfte felles saker som gjeld kommunesamanslåinga. Kommunestyra går deretter kvar for seg for å gjere sine vedtak. Sakene som skal behandlast er mellom anna mandat og organisering for fellesnemnda, oppretting av partssamansett utval, tal medlemmer i det nye kommunestyret, namn på ny kommune og orienteringssak om kvinnerepresentasjon.