På Hogatunet bu- og behandlingssenter legg ein opp til ei inndeling der ein har avdelingsleiar, assisterande avdelingsleiar, fagleiar langtid/korttid, fagleiar demens/dagtilbod og fagleiar fellestenester/husøkonom. Alle desse stillingane vil bli lyste ut.

Bakgrunnen for at alle leiarstillingane no skal lysast ut, er mellom anna at rådmannen ønskjer å løfte kravet til leiing eit hakk opp. Det er behov for å få inn ein annan tankegang, bryte med mønster for korleis ein jobbar og jobbe mykje på tvers og koordinert. Ein vil vere tydelege på kvalifikasjonar og forventningar til leiar.

Har tilsett assisterande

Eid kommune har tilsett Anne Grete Eikås i mellombels stilling som assisterande rektor ved Nordfjordeid skule for eitt år. Skulen har om lag 330 elvar og 40 tilsette. Eikås skal jobbe spesielt med teamutvikling og med det psykososiale miljøet.

På Hogatunet er Heidi Munch Starheim mellombels tilsett som assisterande avdelingsleiar.

På Golvsengane barnehage er det allereie assisterande styrar.