Onsdag 21. juni sluttar NRK å sende på FM-nettet i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Frå den dagen er det berre DAB som gjeld, om du vil høyre på NRK-kanalane.

Litt bak i løypa, frå 15. september, sluttar også andre kanalar som Radio Norge, P4 og dei fleste lokalradioar sine sendingar på FM-nettet.

– Sjølv om det er fleire tunnelar med DAB-system enn FM-nett, betyr ikkje det at alle tunnelar har utstyr til formidling av radiosignal. Dekninga er likevel betre, og meir kjem etter kvart som ei rekke tunnelar vert rusta opp, fortel seksjonsleiar Øyvind Haaland i Statens vegvesen, Region vest. Hans huskeregel for DAB-dekning er at tunnelar som hadde FM-system, no også formidlar det nye sendesystemet.

– Kva system radiokanalane sender på er eit val dei sjølv har teke, understrekar Haaland.

På nettstaden radio.no kan du sjå dekningskart for DAB.

Sendenettet for radiosignala vert bygd, eigd og drifta av Norkring. Statens vegvesen sitt ansvar er signalformidlinga i vegtunnelane.