Kommunen er nummer 18 på landsbasis når ein måler høgast brutto lånegjeld per innbyggjar. Eid hadde 30.04.17 ei langsiktig lånegjeld på 738,7 millionar kroner. Kommunen har ein portefølje med verdi på 110,2 millionar kroner inkludert bankinnskot knytt til forvaltning, som så langt i år har gjeve ei avkastning på 2,82 mill. kr. Det er budsjettert med ei avkastning på 5,5 mill. i 2017.

Store investeringsprosjekt

Økonomisjef i Eid og Selje Ole Starheim peika i finansutvalet på at den høge lånegjelda i Eid kjem som eit resultat av fleire store og gode investeringsprosjekt dei siste åra. Det har vore politisk semje om dette. Det har også vore politisk semje om at når investeringsprosjekta som pågår er ferdigstilt, skal ein vere varsam med å vedta oppstart av nye prosjekt som vil gje ytterlegare auke i lånegjelda. Det vil seie at låneopptak skal ikkje vere større enn betalte avdrag.

– Det går også ei grense for kva innbyggjarane kan tole av kommunale avgifter og gebyr, i

tillegg til eigedomsskatt. Difor må ein vere kritisk til nye investeringsprosjekt, påpeika Ole Starheim, som i økonomiplanen har lagt opp til eit lågt investeringsnivå med avgrensa låneopptak i åra framover.

– Nivået er radikalt lågare. Jappetida er verkeleg over, konstaterte Gunvald Ludvigsen (V) etter å ha sett økonomisjefen sine tal. Han peika på at ein ikkje må vere så lemfeldige at ein trur at det å investere i vatn og avløp er gratis.

– Det er imponerande stille i lokalsamfunnet vårt når ein ser på auken i avgifter som følgje av slik utbygging, påpeika han.

Desse avgiftene har i det siste auka med over 40 %.

– Er rimeleg à jour

Ordførar Alfred Bjørlo (V) la vekt på at Eid er litt føre andre kommunar og rimeleg à jour også når det gjeld investeringar i vatn og avløp. Men også han peika på at det no gjeld å klare å halde igjen på investeringar. Men med eitt unntak; fornying av brannstasjonen i samband med behov for beredskapssenter det Politiet er interessert i eit samarbeid.

– No må ein konsentrere seg om å få effektiv drift på dei gode bygningane som ein har, poengterte Tore Hjelle (H) i finansutvalet.

– Vi er i grøn sone, det er ikkje blinkande raudt, trøysta rådmann Åslaug Krogsæter.