Etter at Stortinget i dag vedtok ny ferjeavløysingsordning og at det bør leggast til rette for pilotprosjekt, er styreleiar og Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V), Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) og dagleg leiar i Nordfjordbrua AS, Jan Olav Tryggestad optimistiske med tanke på realisering av Nordfjordbrua. Det vil bli jobba for at bru Lote-Anda vert eit pilotprosjekt med bruk av ny flytebruteknologi.

800 mill. meir

– Den nye ferjeavløysingsordninga som vart vedteken i dag inneber 800 millionar kroner i auka finansieringsgrunnlag. Kostnaden med drift av ferja Anda-Lote i 2018 er 82,6 millionar kroner og aukande. Over 40 år kostar ferjedrifta samfunnet 3,3 mrd. kroner utan indeksregulering. Med ny finansieringsordning kan ein finansiere ein tilsvarande sum i bruinvestering, forklarer dagleg leiar for Nordfjordbrua AS, Jan Olav Tryggestad.

Teknologiutvikling

Tryggestad seier at dei faktorane som er avgjerande for realisering er utvikling av ny teknologi som gjev lågare investeringskostnad enn dei tradisjonelle hengebruene, finansiering må vere på plass og det trengst samarbeid og mobilisering i regionen.

– Vi må ha tru på brua, understrekar han.

Tryggestad peikar på at Lote-Anda er av dei kortaste og grunnaste sambanda på dagens E39. Det gjer det lettare både med forankring og tekniske løysingar, og det ligg såleis godt til rette for å kome med i ei eller anna form for utviklingsprosjekt.

– Det som avgjer kva som kjem først og sist, er kva som lettast let seg finansiere, seier Tryggestad. Han viser også til trafikktal inn mot sentra som tilseier at det med ei bru truleg er potensial for å doble trafikken mellom Lote og Anda.

Det som også talar til fordel for bru Lote-Anda er at ein kan sjå føre seg ei kopling opp mot Rv 52 Hemsedal, den kortaste vegen austover.

– Bør høve bra

Også Alfred Bjørlo og Leidulf Gloppestad legg vekt på at strekninga ikkje er spesielt lang og at det er relativt grunt, noko som burde høve for ein pilot med ein type flytebru.

I Kommunedelplanen Lote-Anda er dei bruene som er skisserte på mellom 1700 og 1900 meter. Og djupna i fjorden er 150 meter.

– Ein pilot Lote-Anda saman med brukryssing over Voldsfjorden kan vere passeleg å byrje med, seier styreleiar Alfred Bjørlo.

Alternativ A

Dagleg leiar i Nordfjordbrua AS, Jan Ove Tryggestad seier til Fjordabladet at det er alternativ A i kommunedelplanen Lote-Anda som er det mest realistiske med dei prisane ein har på bruer. Dersom ein kjem ned på dei prisane som vert antyda ved industriell serieproduksjon og bruk av robotsveising, ein million kroner per meter, så bør realisering av Nordfjordbrua vere innanfor det som er mogeleg å få til utan anna finansiering enn ferjeavløysingsmidlar/brukarbetaling på 3,3 mrd. kroner.

– Pilot er viktig

– Vi jobbar for at brua skal kunne finansierast med den summen. Det som i dag er mest realistisk ut ifrå kostnadene ein kjenner er ei flytebru med flytekonstruksjonar forankra i botnen. Ut frå dei finansieringsmogelegheitene vi ser i dag, er det urealistisk å tenkje høgbru/hengebru, seier Tryggestad.

– Vi vil jobbe for å få opp Lote-Anda som ein pilotprosjekt. Å kome i gang med ein pilot er viktig, då får ein opp heilt nye måtar å bygge bruer på.

OPTIMISTAR: Styreleiar i Nordfjordbrua AS, Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) og Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) ser no at det kan vere mogeleg med realisering av Nordfjordbrua. Foto: Anna Wuttudal