– Toppmålinga viser vanvittige 72 km/t, og var målt på ein vekedag i 16.-16.30-tida. Det er eit tidspunkt på ettermiddagen mange barn og unge går til og frå aktivitetar på denne strekninga. Dette er også ei tid mange barn vert henta frå barnehagane i nærleiken eller skal heim frå SFO. Denne farta er utruleg urovekkande. Det er ekstremt med tanke på kor mange mjuke trafikantar som er i dette området, seier Nøstdal.

Trafikkmålinga kommunen har gjort viser at rundt 90 prosent av alle bilar køyrde i meir enn 30 km/t. Då er også dei som køyrde rett over fartsgrensa medrekna.

– Det vart også gjort målingar i Skulevegen, men der var det ikkje slik fart eller mengde på bilar som i Fossevegen, fortel han.

Fartstavle

Til kommunestyremøtet torsdag kjem han med spørsmål til ordføraren om Eid kommune kan gjere noko meir i området.

– Bør kommunen vurdere å kjøpe inn ei elektrisk fartstavle, så bilistane vert merksame på si eiga fart? Og finst det andre liknande førebyggande tiltak som kommunen kan sette inn?, spør han. Nøstdal synest det er bra at Eid kommune har kjøpt inn ein såkalla «geitekilling», som kommunen plasserte ut for å måle tal bilar og fart.

Sårbart område

– Ein kan trygt slå fast at det er vanleg å bryte fartsgrensa i dette område, der samla trafikkmengd er på ca. 2.000 bilar i døgnet. Her er betydeleg trafikk i eit sårbart område. Eg er samd med Fjordabladet i at dette er urovekkjande, seier han. Nøstdal viser til at fartstavler kan flyttast etter behov, og at både Vågsøy og Førde har slike tavler i kommunal eige.

– Etter kvart  vert det utbygging i Hogaåsen, og trafikken derifrå vert då styrt inn i Fossevegen. Dermed vil trafikken auke endå meir, påpeikar han.