Veronica og Christine fortel at ingen av dei hadde erfaring med kafédrift då dei sette i gang for eit halvt år sidan, så det var nok av utfordringar, men resultatet er både dei ferske kaféeigarane og publikum veldig godt nøgde med. Mest skryt får dei for at dei for å ha skapt ein møteplass med heimekoseleg atmosfære for alle aldersgrupper.

Draumejobben

−Idéen om å starte kafé har lege i oss lenge, opplyser Veronica og Christine. Og sist haust såg dei verkeleg behovet for ein ny møteplass i Selje.

Det skjedde så mykje negativt i bygda i 2016; nedlegging av banken, den lokale kaféen blei nedlagt, og elendet toppa seg med hotellbrannen i november. Det var litt dystert i Selje ei stund.

Ny optimisme i Selje

Dei seier vidare at då var det rette tidspunktet å realisere kafédraumen på. Det var ein sjanse å ta, men dei gler seg over at det har gått over all forventning. «Kaféen Vår» har blitt den store suksessen dei knapt våga å håpe på. Det har faktisk blitt så travelt at kaféen vil gje heiltidsjobbar til begge.

«Kaféen vår» har rett og slett blitt eit viktig bidrag når det gjeld å skaffe optimisme i Selje.

− Akkurat det bygde trong, seier kafégjestane unisont.

Fakta:

• Opna 28. april 2017.

• Eigarar er Veronica Hatlenes og Christine Lillesalt med 50 % kvar.

• Har rundt 30 plassar inne og 15 ute

• Serverer enkle lunsjrettar, kaker og vaflar

• Satsar og på catering og utleige av kafélokalet

KAFEEIGARANE: Kaféeigarane, Veronica (t.v.) og Christine. Kaféen ligg nær butikkane, og gjestane kan gå rett frå gata inn i lokalet. Foto: Per Ole Lefdalsnes
KAFÉGJESTAR: Kine Merete Mulen (med baby), Isak André Rundereim og Evy Kupen bur i Selje og går gjerne på kafé når det passar. −Veldig koseleg her og god mat, seier dei. Foto: Per Ole Lefdalsnes
NATALIE OG ISABELL: Andre pinsedag er det døtrene til Veronica Hatlenes, Natalie og Isabell som styrer kaféen. Heile tida kjem det gjester til disken. Foto: Per Ole Lefdalsnes