Over store delar av kommunen har bøndene gjort unna den første slåtten. Fleire melder om bra mengder med rundballar.

– Sjølv om mange føler at våren kom seinare i år enn i fjor, så har vi faktisk større mengder gras i år enn i fjor. I 2016 hadde vi ein flott april månad. I år hadde vi ein dårleg april, men ein god mai månad. Første slåtten starta vi på same dag i år som i fjor, og avlinga er større enn det vi hadde i 2016, seier Rune Bruvoll.