Noverande sokneprest i Eid, Øystein Mathisen sluttar 1. september, etter å ha vore her i eitt år. Han hadde permisjon frå stilling i Oslo og reiser tilbake dit.

Olav Sigurd Gundersen vert vikarierande sokneprest i Eid frå 1. september og ut året. I tillegg til gudstenester og kyrkjelege handlingar, vert han med i konfirmantarbeidet og aktuelle trusopplæringstiltak.

Ungdomspresten Kaare Christoffersen vert med i Eid sokneråd og Stårheim sokneråd, medan Kari Leine Balog vert med i Kjølsdalen sokneråd.

Vanskeleg å rekruttere

–  Det er ikkje så lett å rekruttere prestar til utkantane. Det er god søknad til byane og omland, men mindre søknad til distrikta. Det er store kull med prestar som no er på veg ut av arbeidslivet, og det trengst mange nye inn, fortel prost Rolf Schanke Eikum. Han trur også rekrutteringsvanskane kan ha litt å gjere med at det no er mange kvinnelege prestar. Dei har periodar i livet der dei ikkje kan jobbe like mykje, og det trengst difor fleire stillingar. Han peikar også på at det før i tida var lettare å få med seg ektefelle, som då var kvinne. No er det gjerne kvinna som er prest, og det kan vere verre å få flytta med mannen som gjerne har ei god stilling i byen.

Det er også slik at det er ein tendens til at folk søkjer tilbake til røtene, og det har ikkje vore så stor rekruttering til yrket her frå distriktet. Rolf Schanke Eikum håper likevel på god søknad og vil både be og arbeide for å få dette til. Han vil mellom anna vere aktiv for å prøve å få nyutdanna til Nordfjord og Eid.

–  Eid skulle vere ein bra plass. Her er gode kontor- og arbeidsforhold, seier prosten, som sjølv elskar jobben sin.

Delt i Selje

Nytilsett kateket (50%) i Selje, Beate Folkestad Osdal vert også tilsett i 50% som prestevikar i Selje frå 1. september til nyttår. Ho vil ta ein del gudstenester og kyrkjelege handlingar + sitje i sokneråd og fellesråd. I tillegg vert det tilført inntil 50 % presteteneste.

Prost Rolf Schanke Eikum fortel til Fjordabladet at det vert avskjedsgudsteneste for både sokneprest Øystein Mathisen og kateket Beate Folkestad Osdal i Eid kyrkje 3. september. Det er lyst etter ny kateket i Eid.

Spesialprest i Vågsøy

Stillinga som spesialprest (barne – og ungdomsprest) i Vågsøy har vore ledig i eitt år og vert utlyst for 3. gong. For tida vikarierer Gunnar Torset i den stillinga fram til 31.august. Han vil òg ha sommarvikariat i Bremanger.  Frå 15.juni  vert  student Mario Liavåg vikar i  Vågsøy.

Frå 1.september startar Kari Leine Balog opp som prostiprest med bustad i Måløy og går då inn som vikar i Vågsøy.