Statens vegvesen har i dag gjennomført kontroll av 519 lette køyretøy på Kjøs der dei mellom anna sjekka bilbeltebruk.

Eitt køyretøy vart avregistrert på grunn av ulovleg senkesett, (bilen hadde vore vist og godkjent med senkesett, men dette var modifisert i ettertid).

Eitt køyretøy vart pålagt vising ved Statens vegvesen for godkjenning av senkesett og diverse andre manglar.

Eitt køyretøy vart avregistrert på grunn av at det ikkje hadde godkjent periodisk kontroll.

Under kontrollen vart det skrive ut eitt gebyr på 500 kroner for ikkje å ha med vognkort og eitt gebyr på 1500 kroner for ikkje å nytte bilbelte.