–I tillegg til fotball- og «slå ball»-turnering, som er ein kombinasjon av slå ball og lyre, har vi  lagt opp til ei lang rekkje aktivitetar, seier Anita Midtbø, kontaktlærar for 6. klasse ved Nordfjordeid skule.

Aktivitetsdagen for elevane ved den største barneskulen i kommunen var lagt til idrettsanlegget bak Valhall og området rundt. Ved å ta store delar av Plassen i bruk, fekk skulelevane brynt seg på kubb, bondesjakk, sjakk, gå på stram line, pilkast og kroket.

–Det kjem til å bli ein kjempeflott dag ute – om det ikkje blir for mykje regn, sa Anita Midtbø.

Men som det er på Vestlandet – regnet kom utpå dagen.