Då Nasjonal transportplan vart lagt fram tidlegare i vår, vart det klart at opprusting av E39 Sandane-Byrkjelo låg inne mot slutten av planen med 1 mrd. No opnar H, Frp, KrF og V for å framskunde opprustinga.

Det har over lengre tid vore eit sterkt ønske om å ruste opp E39 mellom Sandane og Byrkjelo. Vegen er smal og svingete mange stadar, og særleg tungtransporten har ytra ønske om å betre køyreforhold. I følgje Nasjonal transportplan som dei fire samarbeidsparta Høgre, Frp, KrF og Venstre står saman om, skal vegen rustast opp med 1 milliard kroner i perioden 2023-2029.

I arbeidet med planen i transportkomiteen på Stortinget har likevel dei fire partia samla seg om formuleringar som kan gi håp om å framskunde prosjektet. I innstillinga frå komiteen, som vart offentleg 12. juni kl. 11.00, heiter det:

«Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre, viser til at strekningen E39 Byrkjelo–Sandane er i svært dårlig forfatning, og at det er behov for både små og store utbedringer for å sikre god fremkommelighet. Flertallet viser til at Samferdselsdepartementet i brev av 14. november 2016 har bedt Vegvesenet i samråd med lokale myndigheter å vurdere utbedringstiltak som kan avhjelpe situasjonen raskere. Flertallet støtter dette.»

– Det er viktig at fleirtalet slår fast dette, seier stortingsrepresentant for Venstre Sveinung Rotevatn, og held fram:

– Eg var glad for at vi fekk inn ein såpass stor sum i nasjonal transportplan. Då får ein gjennomført tunnelløysingar som vil gi den beste vegen på lang sikt. Men på kort sikt er det også trong for punktutberinga i dei mest kritiske områda, og dette legg no stortingsfleirtalet opp til, seier Rotevatn.

– Vi har tidlegare sagt at vårt mål er å få konseptet inn så tidleg som mogleg. Og at Statens vegvesen må kome opp med eit gjennomarbeidd kostnadsoverslag. Merknaden viser at det er politisk vilje til å få oppstart på utbetringane raskt, om planane er klare, seier Frps førstekandidat Britt Dalsbotten.

– Det er gledeleg at Stortinget har lytta til innspela i høyringsprosessen. Med dette vedtaket får vi vonleg tatt unna flaskehalsar tidlegare enn planlagt, og det vil vere til glede for alle som brukar vegen, seier førstekandidat for Kristeleg Folkeparti, Tore Storehaug.

– Det er svært positivt at komiteen sine representantar frå Høgre, FrP, Venstre og KrF ser behovet for å få sett i gang tiltak som kan betre trafikkforholda mellom Byrkjelo og Sandane. Dette er ein flaskehals som skapar utfordringar for gods- og persontrafikken kvar einaste dag. Eg set stor pris på at fleirtalet i komiteen har lagt seg på ei offensiv linje i denne saka, seier førstekandidat for Høgre, Frida Melvær.