Gjennom media blei ei langvarig mobbesak ved Nordfjordeid skule gjort kjend tidlegare i vår. Mora til to gutar som har blitt mobba gjennom mange år stod fram og fortalde om lite hjelp og støtte frå rektor ved skulen.

Etter at denne saka har kome opp har Eid kommune gjort grep for å prøve og sikre at liknande saker blir oppdaga og gjort noko med.

Eit av tiltaka er at kommunen no tilset ein assisterande rektor ved skulen, ved sidan av rektorstillinga som er i dag.

-Vi gjer dette for å styrke kompetansen ved skulen og for å sikre det sosiale miljøet for alle elevane, seier kommunalsjef i Eid kommune, Harald Sivertsen.

Den nye stillinga ved skulen kjem i stand ved intern flytting av tilsette innad i kommunen. Det blir difor ikkje ei ekstra stilling eller utviding av stillingar.

Andre tiltak er gjennomgang av nytt lovverk. Dette skal skje ved skulestart då Fylkesmannen kjem til Eid for å ta denne gjennomgangen for alle rektorane i Eid, og tilsette på Nordfjordeid skule.