Den tradisjonsrike fotballcupen blir i år arrangert for 23. gong. Det er påmeldt rundt 135 lag frå 33 klubbar.

Blant klubbane som deltar kjem tre frå Eid kommune. Kjølsdalen IL er representert med eitt lag i klasse gutar 6 år, Eid IL deltar med seks lag og Stårheim IL sender også seks lag til Seljecup.

Dei lokale laga i Selje kommune er også godt representerte. Arrangørklubben Selje stiller med ni lag, medan Stadlandet stiller med fem.

Desse klubbane deltar

I tillegg til dei nemnde klubbane deltar desse med lag på Seljecup: Aksla, Blindheim, Bremanger, Emblem, Fiskerstrand, Førde, Guard, Hareid, Hasundgot, Herd, Hessa, Hjørungavåg, Hornindal, Hovdebygda/Mork, Larsnes, Mauseidvåg og Solevåg, Norborg, Skavøypoll, Spjelkavik, Stordal, Tjørvåg, Tornado Måløy, Valder, Valldal, Vanylvskameratane, Volda, Ørsta og Åheim.

Det er altså eit stort fleirtal av klubbar nord for fylkesgrensa, heile 22 i talet.

Stor dugnadsinnsats

Nærare 200 personar hjelper til i samband med cupen, og bak står ein erfaren arrangementsstab.

I ei pressemelding frå Seljecup heiter det at «nøkkelen til cupsuksess år etter år er den store dugnadsinnsatsen som blir lagt ned.» Selje IL har i ei årrekke utmerka seg som Fair Play-klubb, og vart både i 2012, 2013 og 2015 heidra som årets Fair Play-klubb av NFF Sogn og Fjordane. Arrangørane håpar på ein cup med mykje flott fotball, vennskap og glede.

Rikhaldig program

Seljecup legg som vanleg opp til eit rikhaldig program også utanom kampane, med arrangement og mange aktivitetar som til dømes hoppeslott, 3’ar minibane, grillselskap og cupdiskotek. Det er også venta at den flotte klatreparken ved stadion vert flittig nytta i helga. Elles håpar arrangørane sjølvsagt på godt vêr, slik at Seljesanden kan nyttast.

Startar fredag

Seljecup startar fredag ettermiddag med dei eldste klassane, altså gute- og jenteklassane 15–17 år.

Laurdag og søndag er det klassane frå 11–14 år som skal i aksjon. Seljecup blir avslutta med miniklassane 6–10 år søndag ettermiddag og kveld.