Det var aldri nokon tvil om kva som var det beste laget då Eid møtte Høyang på Sletta i dag. Med sluttresultatet 0-7 tok Eid sin største siger så langt i årets 4. divisjon.

Til pause var resultatet 0-4 etter scoringar av Kristian Lefdal, Artur Melikyan (2) og Adrian Hagen Henden.Eid sette inn ytterlegare tre mål etter kvilen. Først auka Artur Melikyan til 5-0 med sitt tredje mål før dagen, før innbyttar Sindre Hafsås scora dei to siste.

Dermed ligg Høyang framleis sist i 4. divisjon med fire poeng. Eid avanserte frå 8. plass til 4. plass, og har no 11 poeng etter sju spelte kampar.