Grunna nye reglar i eiga forskrift om sykkelritt som vil tre i kraft frå neste år, vil arrangement som Nordfjordrittet anten måtte legge ned eller profesjonalisere arrangementet. Det første er mest sannsynleg, melder arrangørane i ei pressemelding.

Traséen for årets ritt er som tidlegare år. Start på ferjekaia på Lote, deretter Panoramavegen til Stryn-Utvik-Byrkjelo-Sandane-Vereide. Det er venta 250 syklistar i Indre og Midtre Nordfjord denne dagen, og med god støtte og hjelp frå idrettslaga i Nordfjord (Veten, Hardbagg, Stryn, Olden, Breimsbygda, GHK og Fjellhug/Vereide) håpar arrangøren Sandane Sykkelklubb på ei god og trygg avvikling også i år.

Det blir to startpuljer. Den første blir for mosjonistar, medan dei andre blir for konkurranseklassane. Det er venta at dei første syklistane vil nå Stryn sentrum kl 11, og at det vil vere ein jamn straum av syklistar fram til kl 14. «Eliten» i pulje 2, inkludert Jan Ove Standal, vil sannsynlegvis nå Stryn litt før kl 12.30.

I fjor testa utsendte syklistar frå sykkelmagasinet Landevei Nordfjordrittet, og konkluderte med toppkarakter på alle testkriterier.