Gangbru over Fargarelva vil vere viktig for å knyte Sagaparken i hop med området nord for Fargarelva, heilt ut til moloen og småbåthamna i Prestevika. Gangbrua vil og vere positivt for dei som driv næring og servicetenester på Nordøyrane.

Ekstraordinært møte

Sak om gangbru over Fargarelva kjem no opp i eit ekstraordinært møte i formannskapet torsdag.

I rådmannen sitt framlegg til vedtak ligg det også at område på nordsida av elva, mellom ny gangbru og Sjøgata skal forbyggast og at  kommunalt areal vest for vekslarhuset vert asfaltert. Kostnaden er rekna til 400.000 kroner. Det vert lagt opp til at finansieringa vert handsama i samband med sak om budsjettjustering, i juni.

Området på nordsida av Fargarelva er ikkje plastra. Administrasjonen peikar på at dette  arbeidet bør utførast for å sikre området bakanfor og for å gjere området meir tiltalande. Arealet vest for vekslarhuset bør og asfalterast.

Vil bidra med 30 %

Eigarane av Nordfjord Turisthotell AS (holdingselskapet som eig Nordfjord Hotell, Bryggen og Expeditionen) er villige til å bidra med 30% av kostnadene for realisering av bru innenfor ei ramme på 1 million kroner for å få realisert bru over Fargarelva. Kostnader utover 1 million kroner er ikke NTH AS med å dekkje. For NTH AS er det viktig at bruprosjektet blir realisert raskt.

Det har ikkje lukkast kommunen å få med andre på finansiering av prosjektet.

Samla kostnad for bru over og plastring på nordsida av Fargarelva vil koste 1.400.000 kroner. Med privat tilskot på 300.000 kroner vert den kommunale andelen på 1.100.000 kroner eks mva.