Elevrådet ved Stårheim skule fekk inn 4.656 kroner då dei nyleg arrangerte bingokveld i samfunnshuset i bygda. Pengane skal gå til nye leiker på skulen.

Ane Grodås Orheim, Aron Mathias Vonheim, Harald Kristian Holmøyvik Starheim, Andreas Rafshol og Celin Angelica Nygård i elevrådet fortel at dei ringde rundt til bedrifter med tilknyting til Stårheim for å skaffe bingogevinstar. Alle som vart kontakta sa ja.

Det var også kiosk der elevane selde mat og drikke til bingogjestene. Dei hadde god hjelp og støtte frå FAU, mellom anna til innkjøp og kakebaking. Rektor Gro Nedreberg rosar elevane for god planlegging og gjennomføring. Elevane bruker også å arrangere elevkveldar med kiosk, disko og kahoot. 6. klasse inviterer bygdefolket til kafé fire gonger i året.

Elevrådet ved Stårheim skule: Bak f.v.: Harald Kristian Holmøyvik Starheim og Aron Mathias Vonheim. Framme f.v.: Andreas Rafshol, Ane Grodås Orheim og Celin Angelica Nygård. Foto: Anna Wuttudal
GOD STEMNING: Det var god stemning rundt borda med god mat og drikke å få kjøpt, i tillegg til spennande bingo. Foto: Mariann Vereide Botn
HANDEL: Simon Starheimsvik og Thea Benedicte Nygård handlar med elevrådsrepresentantane Karoline Stokke, Celin Angelica Nygård og Ane Grodås Orheim. Foto: Mariann Vereide Botn