Mange byar med respekt for seg sjølv har sin eigen strandpromenade. No har også den vesle bygda Holmøyane fått sin eigen promenade, langs den djupaste innsjøen i Nord-Europa.

Bygdefolket sjølve har laga vegen og kallar den ein gangveg. I alle fall der den 1,250 km lang og går frå det nye byggjefeltet i bygda ned til vatnet og vidare til den gamle bryggja der Dølen ein gong la til.

Over halvparten av vegen går langs med vatnet, med utsikt over til mellom anna Navelsaker.

Tolv år sidan

Heile vegen er laga på dugnad og arbeidet starta første gongen opp for snart tolv år sidan. Jon Martin Holmøy er leiar i Von IL som har stått bak bygginga av vegen. Og det er far Reidar Holmøy som truleg har hatt flest arbeidstimar på vegen.

-Vi har vel rekna litt på det og kome fram til at det ligg rundt 1500 arbeidstimar bak for å få vegen realisert, sa Jon Martin Holmøy under opninga i dag. Han opplyste at dei første pengane på 5000 kroner kom frå Eid kommune i 2009. Seinare har dei fått 150.000 kroner frå Gjendigestiftinga, i tillegg til pengar frå Sparebanken Vest.

Vekst i bygda

Holmøyane er ei bygd som opplever nedgang i folketalet. Dei har fått sitt eige kommunale byggjefelt, men opplever at tomtesalet går litt treigt. Den nye bygdevegen langs vatnet er også eit ledd auka attraktivitet og fleire folk til bygda.

-Vi har ni tomter i byggjefeltet i dag, der fire av dei er selde, seier Jon Martin Holmøy som sjølv har bygt seg hus der saman med familien. No ønskjer dei at fleire barnefamiliar og andre skal slå seg ned i Holmøyane, og mellom anna kan dei reklamere for billige tomter.

-Ei tomt her hjå oss kostar rundt 100.000 med ferdig veg og kloakkanlegg. Eg trur ein skal leite godt rundt om i landet for å finne så billege tomter, seier Holmøy.

Familien Holmøy er den einaste barnefamilien i Holmøyane no. Dei ønskjer at fleire skal etablere seg her. Frå venstre Elisa (15), Jon Martin, Kristianne (7), Silvia og Ludvik (9). Foto: Inger Træen
Etter toget var det samling med mat og drikke ved bryggja der Dølen ein gong la til.
Varaordførar Eli Førde Aarskog stod for opning av vegen.