Klokka halv ni i kveld melde politiet om ei trafikkulukke vest for Kjøs bru, i Skåpavika i Eid kommune. Ein førar var i bilen som køyrde ut for vegen i svingen rett før grensa til Hornindal kommune. Bilen kom i retning frå Eid.

Luftambulanse og naudetatar rykka ut, og føraren blei sendt i luftambulanse til Haukeland sjukehus.

Politiet veit ikkje om mannen er livstrugande skada.

Vegen var i ein kort periode stengd etter ulukka.