Eli Førde Aarskog er oppteken av at ein bør velje eit kommunenamn for Eid/Selje som ikkje er omstridd og som folket kjenner seg komfortable med.

Aarskog er leiar i namnenemnda som no har plukka ut dei tre namna Eid, Selja og Stadt som ein går vidare med. Ho har mellom andre med seg Kjell Nøstdal i nemnda, og fortel at han har brukt ein del tid på å sjekke ut namn på kommunar i Norge. Som regel er namna knytt til natur, til dømes ei øy eller ein dal, eller det kan ha med historikk å gjere at somme kommunar har doble namn.

– Det er mange omsyn ein må ta. Skal ein legge mest vekt på den største kommunen, som ein har gjort i Volda og Sogndal? Det er mange som meiner at Eid er eit altfor anonymt namn og at Stadt er betre. Det har kome mange forslag som har fjord i seg, og eg personleg er litt svak for det, eg synest det er det mest interessante, seier Aarskog som likevel ser at det er mange argument for å ikkje bruke fjordnamnet. Språkrådet ønskjer ikkje at ein skal bruke Nordfjord fordi det er mange andre som bur i Nordfjord og som den nye kommunen ikkje omfattar. Ytre Nordfjord blir også feil sidan Vågsøy ikkje er med.

Mange av dei innkomne forslaga gjekk på ulike variantar av Eid og Selje, som Seljeeid eller Eid-Selje, Eidstadt og Stadteid.

– Vi hadde ikkje sansen for det. Vi synest det blir litt kunstig, seier Aarskog.

Også Dragseid vart forkasta fordi nemnda tykte det var litt oppkonstruert. Det er ingen stad som heiter Dragseid, stadnamnet er Dragseidet.

Kjell Nøstdal har tidlegare gått ut og argumentert tungt for at den nye kommunen bør heite Selja. Selja er eit vakkert namn, og ein vel då noko nytt samstundes som ein har den heilt unike historiske bakgrunnen knytt til øya Selja.

Eid vart også føreslege, og for ein lokalpatriot er det innanfor.

Når det gjeld namnet Stadt, som mange både frå Eid og Selje har føreslege, så meiner Språkrådet at det i så fall bør heite Stad med d.

Fleire av dei som har føreslege Stadt, har argumentert med at dette er eit kjent namn som lett kan plassere den nye kommunen på kartet, og at dette vil vere ein fordel i marknadsføringssamanheng.

– Vi meiner at omsynet til talemåten må telje like mykje som den historiske skrivemåten, seier

Eli Førde Aarskog. Ho vil ikkje ut med kva som er hennar favoritt av dei tre som ein no står att med. Nemnda har kollektivt føreslege dei tre namna Eid, Selja og Stadt.

– Det skal no gjennomførast ei spørjeundersøking via telefon. Kor stor vekt vil det bli lagt på resultatet av denne?

– Det vil bli eitt av fleire innspel, seier leiaren i namnenemnda, Eli Førde Aarskog. Ho er oppteken av at ein må finne eit kommunenamn som ikkje er omstridd og som folket kjenner seg komfortable med.