Det var brørne Asbjørn og Wald Drageseth som sette det heile i gong i 1960. Bedrifta er framleis eit familieføretak, og har no 35 tilsette og produserer mellom 20 og 30 lystbåtar i året.

Ein av eigarane, Bjørge Drageseth, opplyser at ordretilgangen er tilfredsstillande og det er godt sal på dei ulike modellane. Omsetninga i 2016 var på om lag 40 millionar kroner. Båtane går både til den innanlandske marknaden og utlandet.

Innanlands går dei fleste båtane til Austlandet, medan etterspørselen i vest har vore meir laber etter at oljekrisa slo inn. Sverige er viktigaste marknaden i utlandet akkurat no.

Avansert utstyr

Drageseth har inntrykk av at folk ikkje ser på prisen når det gjeld ekstrautstyr når dei kjøper båt. Kundane vil ha meir avansert elektronikk som ekkolodd, radar, bakkekamera, nattkamera med meir. Sterkare og meir avanserte motorar er og etterspurde.

God sjøbåt

Sagabåtane er baserte på godt handverk og lokale tradisjonar. Drageseth opplyser at Saga Boats byggjer såkalla halvplana båtar. Det er båtar med kjøl og ein motor. Dei går fint i marsjfart, og er godt eigna til dorging. Dei er dessutan retningsstabile og behagelege i sjøen.

Har treft godt

Lystbåtmarknaden er nisjemarknad med hard konkurranse. Drageseth meiner at dei har treft godt med sin fire modellar.

−Som familiebåt er sagabåten ideell, seier han. Prisane ligg på mellom 1,7 og 3,7 millionar kroner. Prisar som ikkje ser ut til å skremme kundane.

DYR MODELL: Bjørge Drageseth med skroget til ein av dei dyraste båtane (mod. 365). Foto: Per Ole Lefdalsnes
PRODUKSJON: I støypehallen er fleire skrog under produksjon. Foto: Per Ole Lefdalsnes
MONTERING: I monteringshallen vert tekniske anlegg og dekk monterte før innreiinga vert sett på plass og båtane klargjorde for sal. Foto: Per Ole Lefdalsnes
KLAR TIL LEVERING: Denne båten er klar til levering. Dei danske eigarane hentar båten sjølve og tek sjøvegen heim. Prislapp: cirka 3,5 millionar kroner. Foto: Per Ole Lefdalsnes
til Sverige: Denne båten er og klar for sal og går til Sverige. Foto: Per Ole Lefdalsnes
BÅTBYGGERI: Saga Boats bygget. Foto: Bjørge Drageseth Foto: Bj√∏rge Drageseth