Politiet fekk melding i natt klokka 04.46. Ein uboden gjest knuste eit vindauge i ei dør og tok seg inn i ein bustad. Der påførte han ein annan mann skader. Gjerningsmannen blei sjølv sendt til Førde sentralsjukehus etter kuttskader då han tok seg inn gjennom den knuste døra.
Nyhende →
Innbrot og vald på Nordfjordeid
Ein mann braut seg inn i ein bustad og påførte seg sjølv og ein annan mann skader. Hendinga skjedde i natt i eit hus med fleire bueiningar på Nordfjordeid.