Før dagens kamp låg Eid på 9. plass i 4. divisjon med fem poeng etter like mange spelte kampar. Dale låg på 5. plass med åtte poeng. Det skulle ein ikkje tru etter ein første omgang der Eid var klart best.

Kristian Lefdal var toppscorar i fjorårets 4. divisjon, men har opplevd måltørke så langt denne sesongen. Men midtvegs i første omgang fekk han endeleg hol på byllen. Lefdal utnytta ein feil i Dale-forsvaret, og scora sikkert åleine med keeper.

Ti minutt før halvtid var Lefdal frampå igjen. Denne gongen etter fint samspel med tvillingbror Simen. Fleire mål vart det ikkje dei første 45 minutta, slik at laga gjekk til pause på stillinga 2-0 til Eid.

Ingen av laga imponerte særleg i andre omgang. Den einaste scoringa kom på eit skot frå Vebjørn Høynes ti minutt ut i omgangen, og dermed vann Eid 3-0 og tok tre viktige poeng.