I ALLE arbeidsforhold i Noreg skal ein inngå ei skriftleg kontrakt, uansett kor kort eller lenge du skal jobbe. LOs ungdomssekretær i Sogn og Fjordane har laga ein kven, kva, kor og når over kva kontrakten skal innehalde.

Kven er du – kven er arbeidsgivar?

I ein arbeidskontrakt skal det stå kven du er og kven som er arbeidsgivaren din. . Personnummer, adresse, telefonnummer og kontonummer er alle opplysningar som burde stå der. Fullt namn på deg og arbeidsgivar er også nødvendig. Verneombod og tillitsvalt burde og stå der.

Kva skal du jobbe med?

I ein arbeidskontrakt må det komme tydeleg fram kva som er jobben din. Om du er tilsett som kjøkkenhjelp i sommar bør du vite kva nettopp dette inneber/betyr. Ord som «førefallande arbeid» og «generelt reinhald» førekjem ofte i kontraktar – her må du og arbeidsgivar ha same oppfatting av kva desse omgrepa betyr. Om du er usikker er det viktig at du spør arbeidsgivar kva han meiner.

Kvar skal du jobbe

I bransjar som reinhald, helse og omsorg og sal kan du ofte ha ulike arbeidsstadar. Dette er fullstendig lovleg, så lenge det er avtalt i kontrakten. Du må ha ei klar oppfatning om kvar jobben skal gjerast. Om du for eksempel er tilsett ved «kommunen sin sjukeheim» betyr dette at du i teorien er tilsett ved alle kommunen sine sjukeheimar og derfor må finne deg i å verte flytta litt rundt på.

Når skal du jobbe?

Ein av dei viktigaste pliktene du har som norsk arbeidstakar er å møte opp til rett tid og å vere på jobb hele arbeidsdagen. Derfor er det svært viktig at du og arbeidsgivar har avtalt når dette faktisk er og dette må komme tydeleg fram i kontrakten. Om du berre skal arbeide ein tidsavgrensa periode er det også ryddig at dette står i kontrakten.

Oppsummering

Jobbar du i mindre enn ein månad må du ha kontrakten på plass før første dag. Skal du jobbe lengre enn ein månad har du litt tid til å få den på plass. Ungdomssekretær Øyvind Møller anbefaler uansett å ha kontrakten på plass før første arbeidsdag.

– Blir du skada på jobb, eller øydelegg dyrt utstyr, blir det eit forsikringsoppgjer. Då er det viktig at du og arbeidsgivar har papira i orden, seier Møller. Dei siste åra har vi og sett at ungdommar underteiknar arbeidskontraktar dei ikkje er fornøgde med. Difor har vi valt å opne sommerpatruljetelefonen ekstra tidleg, slik at ungdommar som skal jobbe i sommar kan ringe inn å få kontrakten sin vurdert før dei signerer.

Sommerpatruljetelefonen er open no og du kan ringe 8 100 1999 for å få kontrakten din vurdert.