– Vilkåra fleirtalet i fylkestinget i Sogn og Fjordane stilte for ei samanslåing med Hordaland vert ikkje innfridde. I stortingsproposisjonen som no vert handsama er krava frå fylkestinget knapt nemnt. Heller ikkje meir makt til dei nye regionane eller vesentleg fleire oppgåver og funksjonar, seier Vibeke Johnsen, stortingskandidat for SV.

I fylkesnytt tysdag morgon slo ho fast at vilkåra om meir makt og fleire oppgåver ikkje er møtt. Tysdag kveld kom det fram at AP kan snu i fylkessamanslåiga. Johnsen utfordrar Ap og Sp i fylket til å gje full støtte til partia på Stortinget til å seie nei til samanslåinga.

– Både Ap og Sp røysta for samanslåinga i fylkestinget og lyt no nyttet høve til å snu, seier Vibeke Johnsen, leiar i Sogn og Fjordane SV og stortingskandidat for SV.

– Såleis burde fylkestinget vorte kalla inn for å vurdere saka på nytt før handsaminga i Stortinget. Vi bør slå fast at det er fyrst punktet  i vedtaket i Fylkestinget som no gjeld: om "Stortinget ikkje finn grunnlag for å overføre viktige samfunnsoppgåver frå statleg til regionalt folkevalt nivå, vil fylkestinget at Sogn og Fjordane held fram og vert vidareutvikla som eigen fylkesregion frå 2020."

Fylkesordførar Jenny Følling frå Senterpartiet har knapt kviskra at ho ikkje er nøgd med overføring av oppgåver. I høyringa på Stortinget nytta ho heller ikkje høve til å seie klart frå om at vilkåra i intensjonsavtale og fylkestingsvedtak ikkje er innfridde. Ho fekk direkte spørsmål frå SVs Karin Andersen om intensjonsavtala ikkje lenger var gyldig. Men Jenny Følling snakka "rundt grauten" og bad Stortinget om å levere.

– Samanslåinga mellom dei to fylka vert sagt å vere frivillig, men i røynda er det tvang. Viktige  vilkår om makt og oppgåver er ikkje er innfridde, seier Vibeke Johnsen.

Gjennomføringa av regionreforma har korkje støtte mellom folk eller mellom fylkespolitikarar. Regjeringa og stortingsfleirtalet vil køyre den gjennom med støtte frå Kristelig Folkeparti og Venstre. Slik det har vorte kan dette bli starten på avvikling av det regionale folkevalde leddet slik Framstegspartiet og Høgre vil.