– Dette er eit såkalla phishing-forsøk. Skatteetaten vil aldri be om kredittkortnummer eller bankkortnummer på e-post. Vi vil heller ikkje be om kopi av pass, førarkort, kredittkortinformasjon, sikkerheitskodar, rekningar, bankutskrift eller kontonummer via e-post. All elektronisk dialog med Skatteetaten om sjølvmeldinga gjer du innlogga i Altinn, påpeikar skatteetaten.

Dei åtvarar mot å trykkje på lenker eller vedlegg og ber folk om å ikkje gi opp noko av informasjonen som avsendar ber om. Du må heller ikkje svare på e-posten.

Dersom du allereie har svart og gitt frå deg kort- og kodeopplysningar som vart etterspurt frå ein svindel-e-post, må du sperre kort og konti så raskt som muleg.