Om nokon av dei kjem til Sogn og Fjordane avheng av eventyrlysta og gjestfridommen til vestlendingane.

Utvekslingsorganisasjonen Youth For Understanding (YFU) vil gjerne at deira elevar skal få oppleve kvardagslivet i eit av områdets gjestfrie familiar. Om Marius frå Frankrike eller Ric frå Tyskland hamnar i Sogn og Fjordane avheng av om YFU finn familiar som ønsker å bli kjent med ein ungdom frå eit anna land, og tør ta sjansen på eit annleis og spennande år. Så langt er det ingen familiar i Sogn og Fjordane som har meldt seg, seier Ida Nyrud i YFU.

Betalt i opplevingar

YFU ønsker vertsfamiliar av alle slag. Det viktigaste er at familien har eit ønske om å gje eleven eit godt år i Norge.

– Målet er at eleven skal bli integrert i lokalsamfunnet og nytte fritida si som anna ungdom. Det er ikkje meininga at familien må tilbringe all si tid med eleven, men eleven bør inkluderast i familiens aktivitetar, slik at han/ho kjenner seg som ein del av familien. Mange vertsfamiliar deler fine opplevingar med elevane, og får eit spesielt år med mange trivelege opplevingar, seier innboundkoordinator i YFU Ida Nyrud.

– Familiane får betalt i opplevingar. Vi har erfaring med at vertsfamiliar opplever at dei får att mykje, ofte meir enn dei gir. Dei får lære om ein ny kultur på ein heilt spesiell måte mange andre ikkje får. Samstundes lærer man mykje om eigen kultur. Familien får inn eit nytt familiemedlem som ofte ikkje veit så mykje om norsk kultur, og man må då forklare norske normer og vanar til ein person med annan bakgrunn. Mange får nokre aha-opplevingar i løpet av året, fortel Nyrud.

Sogn og Fjordane godt eigna

YFO har gode erfaringar med å sende elevar til bygda og mindre byar.

– På mindre stader er miljøa mindre, og det er lettare å bli kjend med andre med same interesse. Vi opplever at folk på små stader er flinke til å integrere elevane, og at dei blir godt vareteke både på skulen og fritidsaktivitetar.

Ifølge Nyrud kjem mange av elevane til Norge for å oppleve norsk natur, og nærleiken til naturen på mindre stader.

Ida Nyrud i YFU håpar difor at fleire i Sogn og Fjordane kan tenke seg å opne heimen sin for ein utvekslingselev for eitt år.

BETRE FORSTÅING: YFU er ein ideell organisasjon som er drive av frivillige. Alle YFUs familiar er difor frivillige og får ingen økonomisk kompensasjon. Foto: Youth For Understanding
Vil ha vestlandsfamiliar: Ida Nyrud håpar fleire i Sogn og Fjordane melder seg som vertsfamiliar, spesielt fordi fylket er godt eigna til å integrere elevane, og det er lettare for dei å få seg vener på ein liten plass. Foto: Youth For Understanding