– Leit i kjellar og på loft, gjerne ta bilde og send oss over ting du trur kan interessere oss. Vi har mykje vi treng for å sette opp Sildagapet, seier operasjefen.

Oljehyre, losjakker, sildegutluer, strikkakle, arbeidstøy og andre ytterplagg, kjolar og skjørt frå 50-talet er berre noko av det som står på ønskjelista.

– Om det er hol i kleda er det ekstra bra, seier scenograf og kostymedesignar Åsa Hegrenes. Men det er ikkje berre kle dei jaktar etter. Også sildekasser, reiskap, gamle lanterner og fiskegarn, notar og blylodd, handtau og tønner.

Manglar korsongarar

Operasjefen ønskjer seg også fleire frivillige i dei ulike gruppene.

– Vi har plass til alle som kan tenkje seg å vere med. Vi treng mykje folk og vil gjerne ha med fleire. For oss er det alvorleg at vi framleis manglar mange i operakoret. Akkurat i år er det mange av dei som har vore med tidlegare som har tatt pause. Det er spesielt mannlege songarar vi treng fleire av i koret. No har vi berre to bassar og tre tenorar. Vi må ha minst det doble, fortel ho. Ho krisemaksimerer ikkje, for ho veit at det kjem litt fleire folk med etter kvart.

Nye i sygjengen

Ho er kjempeglad for å få med seg nytilflytta Galina Lebedeva (26), og Ingrid Navelsaker Sandvik (32), som nye frivillige i sygjengen. Operasjefen påpeikar at sygruppe er ein stor ressurs for Opera Nordfjord.

– Eg synest det er kjekt å sy og vere sosial med andre. Dette har eg kjempelyst til, seier Ingrid, som påpeikar at ho ikkje er pressa til å vere med sjølv om ho er nabo med operasjefen.

Anders A. Fitje frå Gloppen er ny i operakoret.

– Ettersom jenta mi syng i barnekoret, vart det naturleg å vere med i operakoret sjølv. Sildeoperaen er eit Nordfjordprosjekt, og fleire frå heile Nordfjord burde vere med, enten på scena eller kome som publikum, meiner han.

Sildagapet er ei oppdikta historie, men lokalhistorikar Terje Sølvberg har vore ei viktig kjelde. Operaen skildrar det yrande folkelivet i Måløy på midten av 1950-talet då det eventyrlege sildefisket dobla folketalet i kystbyen.

– Operaen er ein fin miks mellom humor og alvor, og har også rørande augneblink. Dette er ein folkeopera, som også har mange lydkulisser i musikken