Arbeidet starta med ei økt fredag kveld, og heldt fram med to økter laurdag. Dugnadsleiar Sigmund Larsen er svært nøgd med oppslutninga.

– Vi var elleve som stilte på fredag kveld, og no er det allereie like mange på plass, sa Larsen under byrjinga av første dugnadsøkt laurdag.

Tusen liter

Det 30 meter lange vikingskipet, som blir bygd slik ein trur det originale Myklebustskipet var utforma, treng store mengder smørjing. Berre fredag og laurdag gjekk det med 270 liter, men det var berre den første oljen. Mykje meir skal smørjast på skipet fram mot sjøsetting på vårparten 2019.

– Når alt er ferdig blir det fort tusen liter, seier Sigmund Larsen.

Arbeidet vart forskriftsmessig utført, med alt nødvendig verneutstyr i bruk og med god lufting frå kortsida av rubbhallen.

– Alt er heilt autentisk, spøkar Larsen, som legg til at smørjing av skip var slavearbeid i vikingtida.

– Til forskjell frå vikingane driv vi med frivillig slavearbeid, seier Larsen med eit smil.

Han er sjølv styremedlem i Stiftinga Sagastad, og kunne laurdag fortelje at det kom folk frå nær og fjern for å delta på dugnadsarbeidet med smørjing av vikingskipet.

– Her er folk frå Bjørkedalen, Sandane, Straumstad, Blakset og frå Eid kommune. Det er kjekt at det er brei interesse i regionen for prosjektet, seier Larsen.

Oljeblanding

Sigmund Larsen fortel at smørjinga som vart brukt fredag og laurdag er ei blanding av linolje, terpentin og løysemidlar.

– Impregneringa av skipet er for å hindre at det tørkar ut og sprekk. Etter kvart skal vi få inn vatn i rommet, slik at det blir meir fuktig i lufta, seier dugnadssjefen.

Fleire omfar

Det skal vidare byggast på fire omfar («plankerekker») på vikingskipet.

– Desse må sjølvsagt også setjast inn med smørjing. I tillegg kjem spanta, altså dei bogne ribbene som går parvis frå kjølen til relingane i eit båtskrog, fortel Sigmund Larsen.

Når det nærmar seg sjøsetting av Myklebustskipet på vårparten 2019, skal den siste smørjinga på. Dette vil vere ei blanding av tjære, terpentin og linolje.