Eid kommune kan skilte med ny folkevekstrekord, men den vesle familien er ikkje medverkande til det endå. Dei flyttar ikkje til Eid før i august. Med på flyttelasset har dei også vesle Alvilde på ti månadar.

Dei har budd i Bergen sidan 2007. For to år sidan flytte dei til Førde, for å kome litt nærmare familiane på Sandane og Nordfjordeid.

– Eg er sjølv vakse opp med besteforeldre i nærleiken, noko eg har lyst å føre vidare til jenta vår, seier Anne-Malin.

Ikkje alt er klart

Flyttinga skjer for fullt i august, sjølv om ikkje alt er på plass endå. Ho har fått fast stilling som lærar ved Nordfjordeid skule, og barnehageplass er også i boks.

– Eg har framleis fast jobb i Førde, men er på utkikk etter noko anna her, seier Anders, som har bachelor i marknadskommunikasjon og har jobba i bank siste to åra.

Dei er også på jakt etter husvære.

– Nei, vi har ikkje plass å bu, men håper å finne noko å leige eitt år. Vi har kjøpt nybygg i tomannsbustad på Golvsengane, men det står ikkje ferdig før neste vår/sommar. Men alt ordnar seg til slutt, har dei klokketru på.

Trygt og kjekt

Å bu på Eid ser dei som trygt og kjekt, og det er heller ikkje negativt at Eid er i vekst.

– Eg har nokre venninner som er i same situasjon som oss, og som har flytta tilbake. Eid er ein stad der ein veit om dei fleste som bur her. Det er ein plass med utvikling, med trygge rammer og godt barnehagetilbod. Kanskje skulle det vore fleire kulturtilbod og kafear på kveldstid, sjølv om vi innser at vi ikkje har tid til det no i småbarnsperioden. Største forskjellen på Eid og Bergen er vel nettopp utelivstilbodet. For småbarnsfamiliar er det ideelt å bu her i Eid, men for ein 20-åring veit vi ikkje om det er like kjekt, seier dei. Paret konstaterer at Eid har det dei treng.

– Vi skal fint klare oss i kvardagen her, smiler Anders, som likar at Eid er open for utvikling.

No er dei lei av å flytte, og innrømmer at dei mest sannsynleg vert verande på Eid.

– Det er no nordfjordingar vi er, flirer dei.